I dette prosjektet hadde vi eit spesielt fokus på kva den enkelte kunne, kven vi kjente, og kva vi interesserte oss for.
Premisset her var å byrje med det vi hadde, og slutte å vente på den heilt store idéen.
Prosjektgruppa bestod av seks studentar med bakgrunn frå prosjektledelse, PR og strategi, samt digital marknadsføring.
Vi hadde dermed eit lag med ferdigheiter innanfor blant anna interaksjonsdesign, økonomi og PR, samt kjennskap til siviløkonomar, juristar og app-utviklarar.
Utvikling av idé
Tidleg i utviklingsprosessen måtte eine personen på gruppa forlate møtet vårt ein time før det var ferdig. Ho måtte hente noko på andre sida av byen. Dette var eit irritasjonsmoment som fleire i gruppa kjende seg igjen i. Dermed hadde vi plutselig ein problemstilling å drodle vidare på.
Løysing
Ein app som muliggjer frakt mellom brukarar som skal samme veg som gjenstanden din.

Prototype/design utvikla i Sketch.

Applikasjonen viser aktuelle HENT-oppdrag nær posisjonen du oppgir, slik at du enkelt kan sjå om nokon har ein gjenstand som skal same veg som du. Dette kan vere på tvers av byen, eller til andre sida av landet. Du bestemmer sjølv kva oppdrag du tek på deg, og mottek umiddelbart den oppgitte summen ved levering.

Ønsker du sjølv noko levert, kan du enkelt opprette ein annonse. Her oppgir du ein kort beskrivelse av gjenstanden, kor den skal, velger størrelse, og fyller inn ein sum du er villig til å gi. Du får også tilbud om ekstra sikkerhet, der gjenstanden vert erstatta ved skade eller tap.
Back to Top